Aktuelt

Ikonutstilling Solrunn Nes

Første gong Solrunn Nes hadde ikonutstilling i Galleri Rustica var i 2007. Siste gong var i 2022. Begge gongene i påskeveka. Innimellom desse utstillingane har ho også hatt ikon med på fleire juleutstillingar. I 20 års jubileumsåret er me glade for kunne fylle galleriet for tredje gong med ikon frå henne, som vert omtae som «Noregs fremste ikonmalar». Meland kyrkje har eitt av hennar ikon. Ho har hatt store utsmykkingsoppdrag i St. Pauls kyrkje i Bergen.
I Oslo har ho malt Den heilage Josef i St. Josefs kyrkje. Og ho har gradvis fått fleire oppdrag, også i Den norske kyrkja, og levert ikon til fleire katolske kyrkjer i utlandet. Det siste, store oppdraget hennar var å smykke ut Olavakapellet på Stiklestad, m.a. med eit stort ikon på 1,63 m i diameter. I eit intervju i 2025 i Trondheim Stift, Den katolske kyrkja i Trondheim, kan ein lese m.a:

 
Solrunn Nes (66) er ein anerkjend ikonkunstnar som etter mange år i Bergen, har vendt tilbake til barndommens rike i Hardanger. Der bur ho med utsikt til farsgarden saman med mannen, teolog og forfattar Addison Hodges Hart, «ein sprenglærd type», seier ho – det er berre å trykkja på han, så får du ei utgreiing. I tillegg rommar husstanden to New Foundlandshundar på 50 og 60 kg, den yngste enno ikkje helt utvaksen – og ni kattar.

Ho trur det er ni, men dei er vanskelege å telja for dei flyttar på seg heile tida. Det er litt for mange katter, vedgår ho, og spør om ikkje Kat(t)arinahjemmet kunne være ein god stad for nokre av dei. Men dei spring vel fritt ute? Men, nei, dei er for det meste inne. Ho har mist sju i trafikken. Kattane gjev noko mjukt til livet, seier ho, dei er selskapssjuke og vennlegsinna.

Solrunn Nes er frå Norheimsund i Hardanger, der ho no bur. Hennar første inspirasjon til ikonmaling var frå altertavla i heimekyrkja. Ho har utdanning som både ikonmalar og kunsthistorikar, og begynte å male ikon på 1980 talet. Ho arbeider i den gresk-ortodokse tradisjonen. På heimesida si skriv ho om kva som inspirerer henne:

Naturen, dyra og ikonkunsten er viktige inspirasjonskjelder i livet mitt. Som kunsthistorikar og ikonmalar har eg fått kjennskap til ei kunstform med både estetiske og djupt åndelege verdiar.

Heimesida hennar:  https://solrunn-nes.no/

Fb sia hennar:  https://www.facebook.com/solrunn.nes1

Intervjuet i Trondheim Stift:  https://www.trondheimstift.no/2025/05/solrunn-nes-held-arets-olsok-foredrag-og-utsmykkar-olavskapellet-pa-stiklestad/